Praksis på Gades institutt – 2

Hei igjen, da er eg (Ingjerd) tilbake med ein oppdatering om korleis det gått i praksistida på Gades institutt.

 

I løpet av de første vekene brukte me som tidlegare nemnt mykje tid på grunnleggjande opplæring om korleis ein kan skilje kreftceller frå normalt vev. Dette har me no nytta vidare mens me har hjelpt til med eit av prosjekta dei jobbar med ved instituttet. I dette prosjektet har me sett på celleprøver som har blitt farga med H-DAB og deretter testa for ein rekke ulike markørar.

 

For kvar av desse markørane har målet vore å finne ut kor stor prosentdel av cellene i kreft tumoren og kor stor prosentdel av cellene i det normale vevet som testar positivt for markøren. Dette blir gjort gjennom annoteringer i eit dataprogram som heiter Q-path. Etter at ein for hand lager ein annotering som inneheld alt det ein meiner er kreftceller og ein som inneheld resten av vevet, kan programmet analysere annoteringene og telle opp kor mange celler som finnes i annoteringen og også kor mange av dei som er positive for markøren. I bilete under er det to eksempel på slike annoterte celleprøver der alt som er ein del av krefttumoren er markert med raudt. Celler som er positive for den aktuelle markøren kan kjennast igjen ved at desse får ein mørkare brun farge enn alle dei andre blå cellene.

Sjølv har eg jobba med to ulike markørar og gjort annoteringar på omlag 450 celleprøver, noko som berre utgjer ein liten del av alle de celleprøvene som må analyserast før ein kan gå videre med prosjektet. Dette har tatt utruleg mykje tid og tidvis bydd på store utfordringar. Blant anna når eg har møtt på element i celleprøvene som verken er kreftceller eller immunceller. For eksempel har eg funnet blodårer, som er blitt kutta både på tvers og på langs, feittceller og blødningar. Spesielt vanskeleg har det vore å skilje mellom epitelceller i blodårevegger og kreftcellene.

 

I tillegg til dette arbeidet har me også fått lov til å være med på eit av møta som dei jamleg har ved instituttet der nokon presenterer noko av det dei jobbar med slik at alle kan diskutere det i plenum. Her stiller både doktorgradsstudentar, medisinstudentar som driv forsking og patologar. Å være med på dette gav eit fint innblikk i korleis arbeidet ved instituttet går føre seg sjølv om mange av dei jobbar med litt ulike prosjekt. Så sjølv om arbeidet med annoteringane til tider har vore både langdrygt og einsidig, synes eg likevel at eg har fått mykje ut av praksistida.