Blogg 1 – praksis i Eupnea

Hei! Eg er Alise og ser fram til mange fine dagar i praksis i Eupnea denne våren gjennom emnet MTEK200. Eupnea held til på Eitri, og er ei nyoppstarta bedrift som utviklar ein sensor som skal kontinuerleg måle pustefrekvensen til pasientar. I dag blir målingar av pustefrekvensen gjort ved å fysisk sjå og telle tal gongar brystkassa hevar og senkar seg. Denne metoden er både unøyaktig og tidkrevjande, samt ei prosedyre mange vel å hoppe over. Visjonen til Eupnea er å redusere ressursbehovet og auke kvaliteten på målingane som blir gjort med ny og innovativ medisinsk teknologi.

Når eg er i praksis på Eitri studerer eg bedrifter som kan vere potensielle konkurrentar av Eupnea. Konkurrentane er dei som treff same målgruppe og som utviklar ein liknande sensor. Å gjennomføre ei konkurranseanalyse er alfa omega å gjere som ei oppstartsbedrift for å sjå an marknaden og kor sterkt ein står med eige produkt. Dette verka først som ei enkel oppgåve, det var jo berre å google «sensor som måler respirasjon», eller? Det viste seg å vere litt meir utfordrande enn som så. Det er fleire som  har vore inne på tanken om at ein respirasjonssensor bør komme ut på marknaden og i klinisk bruk, og nokre av dei forsvinn like fort som dei kjem. Men fleire vel også å halde korta tett i oppstarten og kan derfor vere vanskeleg å få auge på. Men det har vore kult å lese om andre medisinsk teknologiske bedrifter, og å få eit innblikk i kor stort omfang det er!

Eg har også fått vere med på eit møte (workshop) der vi lagde ei oversikt over sjølve produktreisa (dei har tidlegare laga ei liknande oversikt over pasientreisa). Det var kjekt å få vere med på dette møtet, og å få eit lite innblikk i eit av mange steg i produktutviklinga til ei gründerbedrift. På workshopen var det fritt fram for alle å «kaste ut» idear og tankar. Alt vart tatt med i betraktning.

Eupnea er ein veldig triveleg arbeidsplass, og det har til no vore veldig hyggeleg å møte dei som jobbar her!

Her er eit bilde av to fornøgde ved kontorplassen til Eupnea på Eitri:)