Hei! Eg heiter Birte, og dette semester er eg i praksis hos Lifekeys saman med Maria.
Lifekeys er ei digital psykolog-helseteneste, dei set fokus på psykisk helse og tilbyr digitale løysningar innan psykisk helse for enkeltpersonar og for bedrifter. Lifekeys er ei lita bedrift, med omkring 8 ansatte på kontoret i Bergen, og resten spreidd utover i Europa. Miljøet på arbeidsplassen er svært bra, og me er blitt veldig godt tatt imot.
Før me begynte i praksis håpa eg at denne perioden kan gi meg eit innblikk i kva me kan bruke kompetansen fra studiet vårt til, korleis ein mogleg arbeidsplass kan sjå ut og generelt få eit innblikk i arbeidslivet.
Eg og Maria har no vore eit par dagar i praksis. I starten fekk me ulike oppgåver som satte oss inn i det Lifekeys driv med, og lærte oss om bransjen. Me har gjort ulik research og lest mykje rundt mentale helse tenester.
Etterpå har me presentert funna våre, samt refleksjonar og eigne tanka rundt det me har funne til eit par i teamet som sit i Bergen. Det har vert god læring for oss. Me har på denne korte tida lært mykje om blant anna kor mange faktora som spele inn for å finne ut kva ein kan gjere for å forbetre eit produkt.
Etter å ha gjort den researchen som me har gjort, har me tileigna oss kunnskap som gjer at me kan bidra meir på prosjekta som Lifekeys har, og kome med våre innspel her. Det er fleire praktikantar enn oss i Lifekeys for augeblikket, og det er også veldig kjekt å kunne samarbeide med dei, som kjem frå heilt andre utdanningar enn oss. Blant anna har me fått jobba litt ilag med ein psykologistudent fra Danmark.
Me har så langt lært mykje om prosessar når ein skal skape noko nytt og eg håpar me kan lære enda meir ved å etterkvart ta større del i prosjekt. I tillegg har me fått små oppgåver på heilt andre områder, for eksempel innanfor kommunikasjon, dette er også veldig spennande, og det er kjekt å prøve ut andre ting også.
Eg gleda meg til resten av tida i praksis.
Innlegg av:
Birte Teigen