Praksis på Laboratoriebygget (PrecOS)

Hei! Mitt namn er Stine, og eg er i praksis dette semesteret saman med Vilde på Laboratoriebygget på Haukeland. I praksisperioden er vi med på eit prosjekt om å utarbeide eit nytt modellsystem for eggstokkreft. Vi blir rettleia og får tildelt arbeidsoppgåver av ein PhD-student som høyrer til INOvA og PrecOS lab. INOvA er ei gruppe som forskar på eggstokkreft, og jobbar tett saman med temaet PrecOS lab og bioteknologiselskapet KinN. PrecOS lab forskar på eggstokkreft samt andre krefttypar, og KinN tilbyd testing av medisinar til andre kommersielle aktørar.

Forventningane mine til praksis var at det skulle væra spanande, lærerikt og at det kunne gi eit innblikk i kva arbeidsmoglegheiter som finst etter endt utdanning. Praksisbedrifta fanga oppmerksomheita mi då eg syns det verka interessant å jobbe med eggstokkreft.

Vi har i praksisperioden blitt kjend med eit analyseverktøy som heiter IMARIS, og der har vi analysert bileter av kreftceller med eit omliggjande nettverk rundt som blir kalla ekstracellulær matriks (består for det meste av kollagen). Ved hjelp av IMARIS blei det målt kor djupt ulike kreftceller veks i den ekstracellulære matriksen. I tillegg har vi brukt tid på å lese vitskaplege artiklar, og har derifrå henta ut informasjon om kva software og metode som har blitt brukt til å f. eks klassifisere endringar i kollagenstruktur mellom friskt vev og sjukt vev. Til no har vi deltatt på ein del spanande aktiviteter som å sjå korleis konfokal- og multifotonmikroskop fungerer i praksis, og har fått være med på ein griseoperasjon kor det blei henta ut bukhinne og delar av tarmen.

I løpet av praksisperioden har eg tileigna meg ny kunnskap om eggstokkreft, modellsystem, og lært om dei ulike mikroskopene som blir brukt til å sjå på kreftceller og den ekstracellulære matriksen. Ei erfaring eg kjem til å ta med meg vidare i studieløpet er å lese vitskaplege artiklar, og å hente ut informasjon frå dei. Fleire fag har vært relevante for praksisen. Førre semester hadde eg eit fag som heiter INF161 (data science), som inkluderer blant anna forskjellige maskinlæringsalgoritmar og nokre av desse kjente eg igjen i artiklane vi las. Tidlegare i studieløpet har eg hatt eit fag som heiter MAT102 som introduserte meg for t-test, som kan være nyttig for å sjekke om det er signifikans mellom to datasett. Faget INF100 (innføring i programmering) kan kome til nytte når vi skal teste metodar vi henta ut frå dei viteskapelege artiklane.

Så langt er eg fornøgd med praksisplassen, og eg opplever praksisfaget MTEK200 som lærerikt og kjekt. Eg likar at vi har fått eit innblikk i kva som ligg i forskingsarbeid då det er svært relevant for utdanninga vår. I framtida kan eg tenke meg å forske på kvinnehelse.