Praksis i Eupnea – blogg 2

Hei igjen, Alise her:)

Eg er framleis i praksis hos Eupnea. Som sagt held Eupnea til på Eitri, der dei har kontorplass i eit ope kontorlandskap. På dei andre kontorplassane sit det bl.a. fleire andre som utviklar eller forskar på andre sektorar innanfor helse. Dette gir muligheten til å utveksle erfaringar og liknande med kvarandre i lunsjpausane, og er eit fint miljø for oppstartsbedrifter innan helse.

Ein til to dagar i veka sitter eg saman med Binh på Eitri, saman med Andreas som jobbar i Eupnea. Sist blogg skreiv er at eg studerte konkurrentane, og det har eg også fulgt opp med vidare. Det er viktig for oppstartsbedrifter å alltid ha god oversikt over konkurrentane på markedet, eller som er på veg ut i markedet. Derfor er det lurt å kontinuerleg følgje med. For Eupnea som starta heilt frå grunn og utviklar sin første idé vil store bedrifter som Phillips være store konkurrentar grunna deira store plass på markedet.

Eg og Binh har gjort mykje det same sidan sist blogginnlegg. Binh har satt seg endå meir inn i det svært omfattande regelverket rundt å få nye medisinske hjelpemiddel ut i klinisk bruk, og eg har sett meir på konkurrentane. I tillegg har vi fått tilsendt nokre måledata frå då sensoren vart testa på ei pustedukke (som skal ha lik pustefrekvens frå start til slutt). Vi utforska dataen litt i programmering og friska opp litt INF161 på  rådataen. Det var gøy å få gjort noko som var litt meir «praktisk».

Eupnea var med på vårens CurieLecture med fokus på helse om innovasjon, der dei forklarte studentane om prosessen rundt oppstarten og fram til i dag, om utfordringar langs vegen og generelt. Det kan vere lett å tenke at det er «enkelt» å starte ei bedrift fordi det ofte er solskinnshistoriene som blir fronta i media, men det er svært mykje arbeid bak desse historiene. Vi har sett at det krev mykje motivasjon, sjølvdisiplin og hardt arbeid for å starte opp for seg sjølv, og spesielt med fokus på medisinske hjelpemiddel er det strenge regelverk.

Her er to bilder frå to vanlege dagar i praksis hos Eupnea:)

Åpne bildeÅpne bilde