Praksis hos Lifekeys, del 2

Hei! Birte her igjen, fortsatt i praksis hos Lifekeys.

Lifekeys er ei digital psykologhelseteneste som set fokus på psykisk helse og tilbyr digitale løysningar både for enkeltpersonar og bedrifter.

Forrige gang eg skreiv her snakka eg om at me har gjort litt research rundt aktuelle tema innafor psykisk helse. Lifekeys driv for tida å utvikle plattforma si til å kunne hjelpe bedrifter med å forbetre psykisk helse på arbeidsplassen. Sidan sist gang har me fått fleire nye oppgåver.

Ut i frå kunnskapen me har tileigna oss har eg og Maria blant anna, saman med ein student bra Belgia, skriv guidelines. Då har me skrive trinn-for-trinn instruksar på korleis ein kan løyse eit problem eller ein utfordring. I tillegg har me vore med på å forbedre kursa som Lifekeys har om stress, resiliens, depresjon osv. Her har me blant anna spelt inn kursa på norsk, slik at dei blir tilgjengelege på norsk i tillegg til engelsk.

Det nærmar seg slutten på praksisperioden og me har kun eit par dagar igjen. Denne tida i Lifekeys har, i tillegg til å ha lært oss mykje om psykisk helse, gitt oss eit innblikk i korleis det er å jobbe i ei lita bedrift, og samarbeidet mellom dei ansatte. Det har også vist oss at ein ikkje kun kan bruke det ein lærer på medisinsk teknologi på, for eksempel, eit sjukehus, men at kompetansen vår også kan vere nyttig andre plassar.

Innlegg av:
Birte Teigen