BLOGG 2 PET-SENTERET HAUKELAND

Hei, første del av praksis er no ferdig. Eg har i denne perioden fått blitt med på ein del møter (opplevd korleis PET-senteret opererar dag-til-dag) noko som har vore veldig interessant.

Hovudsakeleg handlar praksisen min om eit prosjekt rundt reinsking av ammoniakk ([13]NH3) for injisering av pasientar med hjarte og karsjukdommar. Det tidlegare oppsettet har blitt avvikla, og me må dermed prøve å utvikla eit nytt system. Her har me sett på eit mykje brukt kit-utstyr kalla Neptis RS. Ved PET-senteret blir Neptis oppsetter brukt til blant anna [18F] PSMA (Prostate-specific membrane antigen)-produksjon, brukt for å diagnostisere mogeleg prostatakreft.

[13N]Ammoniakk blir produsert direkte fra syklotronen og blir frakta opp til Hot-Cells (avtrekkskap for radiokjemisk arbeid). Her inneheld denne prøven forureiningar som blant anna etanol og 18F, som må blir reinska før injisering i pasient. Neptis er berre eit av mange apparat som kan brukast til å ekstrahere [13N]ammoniakk i saltvatn klar for injeksjon i pasient.

Me byrja først med å sjå på korleis oppsettet for apparatet burde vera. Her visste me at me burde ha moglegheit for ekstrahering av anionar, samt kunne isolere kationar (NH4+) som seinare kunne deprotonerast til nytta ammoniakk. Dette gjerast med Solid-Phase-Extraction (SPE)-cartridge, QMA-cartridge og CM-cartridge. Deretter testar me oppsettet «kaldt», altså utan radioaktivitet, for å sjekke om det gir ut nokså like mengder produkt.

For å kunne nytte eit utstyr til nye produksjonar, må nye prosedyrar utviklast. Eg fekk gjennom opplæring ved PET-senteret kunne prøve meg på utvikling av nye valideringsprosedyrar, samt starte på så-kalla SOP’er (Standard Operating Procedures). Dette fann eg veldig nyttig, då prosedyrar som dette blir veldig relevant for arbeidslivet i framtida.

Etter dei «kalde» testane skal det testast «hot», altså med radioaktivitet. Me skal produsera små, men fleire, dosar med [13N]ammoniakk i syklotron som vil bli sendt opp til nytta Hot-Cell. Desse vil bli sendt gjennom Neptis, som vil måle radioaktivitet over fleire punkt i prosessen. Vår oppgåve vil dermed då bli å sjekke om denne mengden er stor nok til å kunne yte i medisinsk bruk, samt følgjer alle punkt i seinare kvalitetskontroll – som vil bli gjort etter kvar produksjon.

Eg gledar meg mykje til å kunne fortsetta med prosjektet og håpar me får til eit oppsett som kan sette i gang behandling og diagnosering ved hjelp av [13N]ammoniakk.

-Dani

NEPTIS i Hot-cell for «kalde» testar

 

Hot-Cells ved PET-senteret