BLOGG 1 PET-Senteret Haukeland

Hei, eg heitar Dani og har valt å utføra praksis i MTEK200 ved Senter for nukleær medisin og PET-radiologisk avdeling på Haukeland universitetssjukehus. Ved PET-senteret føregår det både diagnostikk og terapi med hjelp av radiofarmasøyter, som injiseres direkte i pasient – der det hovudsakeleg er pasientar med ulike kreftdiagnosar.

Eit døme på eit mykje brukt radiofarmasøyt er 18F-FDG (eit glukosemolekyl med innbyta radioaktivt 18-Fluor), som har i formål å utreda eller følgja opp sjukdommar/tilstandar som karakteriserast av foraukt eller forminska glukosemetabolisme. 18F-FDG er eit av mange preparatar som blir produsert i PET-senterets syklotron (ein type partikkelakselerator for produksjon av radioisotopar). Med ein halveringstid på 109.7 minutt er det utruleg viktig å kunna få produsert radioisotopen i nærleiken av pasienthandtering – noko som PET-senteret på Haukeland heldigvis har moglegheiten til.

Den første delen av praksis innhald mykje observering fra min sida. Eg har fått hospitera på alt fra produksjon til skanning av pasientar med PET-CT/MR (etter injisering av radioisotopar). Her vil den produserte PET-traceren emittere beta-stråling (positron) som kan tas opp og kombinerast med CT/MR – for eit klart bilete over kvar svulstar befinnar seg i kroppen til pasienten. Det blir òg utført behandling og skanning med midlar som ikkje emmiterar beta-stråling, men heller alpfa eller gamma, men PET er då hovudsakleg positron-emitterande midlar.

Ein stor del av prosessen til PET-senteret ligg ved produksjonen. Her blir det tatt i bruk eit mangfald av utstyr, blant anna to «kits» med navn Neptis og FastLab (bilete lagt ved). FastLab blir brukt ved produksjon av nemnde radiofarmasøytiske middel 18F-FDG og Neptis for PSMA til pasientar med prostatakreft. Eg har fått i oppgåva å utforska blant anna FastLab og Neptis som alternative metodar for oppreinsing av radiofarmasøyter etter produksjon i syklotron – då førre utstyr og protokollar kanskje blir avvikla i framtida. Dette inneberar å lage eit oppsett for kassettane til FastLab og Neptis som reinsar farmasøyten betre og/eller raskare enn førre brukte metodar.

Vidare i praksisperioden vil eg fortsetja prosjektet med FastLab og Neptis som oppreinsingsmetodar, skrive SOPs (Standard operating procedures/protokollar), samt observera meir dag til dag arbeid og møter som føregår ved PET-senteret på Haukeland.

Med vennleg hilsen Dani

Neptis Syntheziser
Fastlab 2 syntheziser