Praksis på Gades institutt

Hei! Eg heiter Ingjerd og denne hausten er eg, saman med Malene, i praksis på Gades institutt ved patologisk avdeling på Haukeland universitetssjukehus (HUS). Her skal me i løpet av dette semesteret få lov til å jobbe i lag med eit par av forskere ved instituttet på nokre av dei prosjekta dei arbeider med her.

Foreløpig i praksistida har hovudfokuset vore å byggje opp nok kunnskap om det dei jobbar med til å faktisk forstå kva det er prosjekta går ut på og kva det er dei ynskjer å gjere/oppnå med arbeidet sitt. I denne opplæringsperioden har me blant anna fått ein generell innføring i kva kreft eigentleg er, samt kvifor det oppstår og korleis ein tumor utviklar seg. Å prøve å forstå dette ned på cellenivå har vore ei svært bratt læringskurve og alt eg har lært om celler, celletypar og vevs-oppbygning i fysiologifaget FARM280 har kome godt med.

I tillegg til denne generelle innføringa har me jobba med digitale mikroskopbilete og lært korleis ein kan skilje mellom det normale vevet og ein kreft tumor. Biletet under er eit eksempel på eit slikt digitalisert mikroskopsnitt der ein i den venstre halvdelen kan sjå eit normalt endotelcellelag med frisk vev innanfor, mens det i den høgre halvdelen av biletet veks ein tumor i dette endotelcellelaget.

Målet vårt med desse bileta har vore å kjenne igjen den såkalla tumor fronten, eller «the invasiv tumor front» (ITF). Med tumor fronten meiner ein det aller ytste laget av sjølve tumoren som er omlag 100 mikrometer tykt. For å klare dette har me vore nøydd til å lære, heilt ned på enkeltcellenivået, å skilje mellom kva som er ei kreftcelle og kva som er normale celler. I nokre tilfelle er dette skilje mellom tumoren og det friske vevet relativt lett å sjå mens i andre tilfelle er det mykje mindre openbart, noko som kjem fram av dei to bileta under der dette skiljet er merka ved dei raude strekane.

Hovudregelen me har lært for å klare å finne dette skiljet er at kreftcellene i tumor fronten er sterkt prega av kaos. Dei er mykje større, meir udefinerte og mykje meir ulike kvarandre enn det celler i friskt cellevev er. Fargeforskjellen som kan observerast mellom celler i bileta kan derimot ikkje brukast til å identifisere tumor fronten heilt utan vidare. Dette er fordi brunfargen i seg sjølv berre fortel at dette er ei celle som formeirar seg. Ein vil derfor finne mange store brune celler i tumor fronten, men ein vil også sjå desse brune cellene i det normale vevet (men her vil dei være mindre).

Så med denne nye kunnskapen er eg nå klar til å ta fatt på det vidare arbeidet me skal gjere på Gades institutt, som ut i frå det eg har lært så langt ser ut til å bli både interessant og spennande.