Velkommen tilbake!
I løpet av hausten har vi fått vore med på litt av kvart. Ein god del av å vere fysikar på PET-senteret inneber å vedlikehalde og kalibrere utstyr. For at PET-senteret skal bli sett på som eit påliteleg, trygt og fungerande senter, må ein derfor gjennomføre desse prosessane. Kalibrering sikrar at måleutstyr gir korrekte verdiar. Utan kalibrering kan utstyr, over tid, gi feilavlesingar. Det kan påverke resultat og føre til feil avgjersler. Regelmessig vedlikehald forhindrar opphoping av slitasje og små feil som kan utvikle seg til større problem. Dette kan redusere kostnader på sikt fordi ein unngår dyre reparasjonar og erstatningar.
Kalibrering av TAM/ALMO detektorar
TAM/ALMO detektorar og handhaldne detektorar brukast vanlegvis til strålingsmåling. Dersom strålingsdetektorar ikkje blir kalibrert, kan dei gi feil indikasjonar på strålingsnivå. Det kan føre til at operatøren blir utsett for høgare stråling enn det som er trygt. Vi gjekk rundt med ei kalibreringskjelde med eit kjent strålingsnivå. Denne satt vi ved ulike detektorar, blant anna inni hotcellene. Ved å eksponere detektoren for denne kjelda, kan ein justere og bekrefte at den gir riktig respons.
EARL kalibrering av PET/CT
EARL står for “European Association of Nuclear Medicine” og sikrar at alle institusjonar og bedrifter går under ein spesifikk standard som sikrar kvalitet og samanliknbarheit. EARL-kalibrering for PET/CT sikrar at bilete frå PET-senteret har eit godt kvalitetsnivå slik at det kan brukast i kliniske studie og pasientbehandling. Det er viktig fordi nøyaktigheita er avgjerande for diagnose, behandlingsplanlegging og oppfølging av pasientar, på tvers av sjukehus og forskingssenter.
For å gjennomføre prosessen brukte vi ein tjukk sylinder som kunne romme fleire liter. Inn i denne tilførte ein ei spesifikk mengde med FDG saman med væske. Vi ynskjer å lage eit standardisert testobjekt, eit fantom. Sylinderen vart deretter sendt inn i PET/CT. Ein kunne da sjå på bileta som vart tatt, om det var noko som ikkje stemte. Heldigvis så viste den homogene blandinga at strålinga vart tatt opp slik den skulle. Resultata samanlikna vi med etablerte referanseverdiar og analyserte mot tidlegare testar. Ei slik kalibrering blir gjort fire gonger i året.
Forskningsprosjekt
I løpet av praksisperioden vart vi også tildelt eit forskingsprosjekt. Vi fekk i oppgåve å finne eit grunnstoff som kunne utviklast til ein ny tracer. Denne traceren skulle kunne brukast innanfor diagnostikk eller terapi. Vi valte oss ut 211Astat. Dette er eit radioaktivt isotop som sender ut ein alfa-partikkel når den henfaller. I artikkelen går vi gjennom produksjonsmetode og utfordringar kring dette, astat som tracer, samanlikning med andre tracerar og bruk av astat i ulike kreftbehandlingar. Astat viser seg til å vere ein lovande kandidat innanfor nukleærmedisinsk bruk.
Praksis ved PET-senteret har vore innhaldsrikt og inspirerande. Det å få innblikk i korleis nukleærmedisin heng saman har vore ei unik oppleving. Eg har lært mykje som eg kjem til å ta med meg vidare i studieløpet og utdanninga.
- Maria S. Hage