Praksis på Neuro-SysMed – Del 1

Hei! Mitt namn er Sara Rachel, og eg studerer medisinsk teknologi ved UiB. Dette semesteret har eg vore så heldig å få ha praksistida mi på laboratoriet på Neuro-SysMed. Neuro-SysMed er eit senter for klinisk behandling  og forsking på nevrologiske sjukdomar. Dei har fire grupper som fokuserer på kvar sin sjukdom: multippel sklerose (MS), Parkinsons sjukdom, ALS og demens.

Hovudprosjektet eg skal få vera med på denne hausten er innan MS-gruppa, går ut på å isolere monocyttar frå PBMC-ar (peripheral blood mononuclear cells) for så å differensiere desse til mikroglia-liknande celler og makrofagar. Ved å isolere monocyttane og tilsetje ulike signalstoff og næring kan ein differensiere (omprogrammere) dei til mikroglia-liknande celler, MDMi (monocyte-derived microglia-like cells). Mikroglia er spesielle immunceller som finst i sentralnervesystemet. Dei angrip bakteriar og virus, ryddar opp døde celler og protein, støttar nevrona og hjelper til med «reparasjonar» i hjernen.

Kvifor skal me eigentleg differensiere monocyttar til mikroglialiknande celler? Jo, fordi dei er gode laboratoriemodellar for forsking på immuncellene i menneskehjernen. Tilgangen på ekte mikroglia er avgrensa, sidan dei berre finst i sentralnervesystemet, og det er svært krevjande å hente dei ut frå pasientar. Når ein i staden kan lage mikroglialiknande celler frå ei vanleg blodprøve, blir det mogleg å studere oppførselen og uttrykket til cellene utan å måtte gå via hjernen.

Allereie no har eg fått vere med på mykje spennande på laben. Eg fekk tidleg vera med å ta PBMC. Då fekk me blodprøvar som måtte behandlast slik at ein kan skilja og hente ut dei kvite blodcellene me er interessert i. Vidare har eg fått delteke i to rundar der me har forsøkt å isolere monocyttane frå PBMC-ane og differensiere cellene. Då sette me nokre brønnar med monocyttar som skulle utvikle seg til mikroglialiknande celler, og nokre brønnar med monocyttar som skulle bli makrofagar. Sidan monocyttar naturleg utviklar seg til makrofagar, treng ikkje desse dei same signalstoffa.

Figur 1. Bilde av arbeid i cellehood.

Heile prosessen, frå cellene blir sette i dyrking til dei er ferdig differensierte, tek 14 dagar. Undervegs må cellene matast, og cellemediet må skiftast kvar tredje dag. I den fyrste runden kom det mugg på cellene, så me måtte starte på nytt. Runde nummer to gjekk heldigvis betre: Makrofagane såg veldig fine ut, medan MDMi-ane var ein del tjukkare og større enn me eigentleg hadde håpa på. Utanom var det også vanskelegare å løysa cellene frå brønnane enn det me hadde tenkt, noko som gjorde at me fekk løyst veldig få celler.

Figur 2. Mikroskop bilde av makrofager som er dyrket i cellebrønn.

Etter andre runde køyrde cellene gjennom Flowcytometri for å sjå om dei differensierte cellene uttrykte dei biomarkørane ein forventar å finne på mikroglia og makrofagar. I skrivande stund er flowcytometrien akkurat gjennomført så dataa er enno ikkje analyserte. Da me hadde få celler er nok ikkje resultatet av denne runda nødvendigvis nøyaktig. Fremover no skal me gå gjennom og analysere spekrera me fekk frå Flowen før me skal byrje på nok ein runde med celle dyrkning, men på justere fremgangsmåten for å få betre resultat.

Sjølv om ikkje alt har gått etter planen så langt, har eg lært utruleg mykje. Eg er spent på korleis prosjektet går vidare.

Sara 😊