Hei! Eg heiter Alise, og saman med Andrea, har vi praksis på Avdeling for Kreftbehandling og medisinsk fysikk ved Haukeland sjukehus, dette semesteret. I blogginnlegget til Andrea kan dykk lese om sjølve avdelinga og litt om CT, medan eg skal fortelje meir om doseplan og strålebehandling.
Etter at ein pasient har tatt eit CT-bilde på kreftavdelinga, blir det sendt til doseplanlegger som teiknar inn risiko organ i det aktuelle området. Deretter teiknar ein onkolog inn CTV, klinisk målvolum, og doseplanlegger teiknar inn PTV, planlagt målvolum, altså CTV med marginar. Dette er for å sikre at CTV med akseptabel sannsyn får rekvirert dose. Vidare lagar doseplanleggaren ein doseplan, tilpassa til pasienten, basert på tilvisinga frå onkologen og CT-bilde. Denne planen inneheld planlagt stråledose per fraksjon (behandling), tal fraksjonar og detaljar om strålingsfelt. Dosen pasienten skal få blir bestemt med tanke på ALARA-prinsippet «as low as reasonably achievable», ein ønsker å begrense dosen til frisk vev så mykje som mogeleg, utan at det går ut over tumorkontrollen. Doseplanen blir kontrollert av fysikar, onkolog og stråleterapeut opptil fleire gonger før pasienten får behandling. Som regel tek det ei veke frå pasienten sin CT-undersøking til første strålebehandling. Stråledosen og tal fraksjonar pasienten får vil avhenge av fleire faktorar, blant anna pasientens tilstand, og plassering og utviklingsfase til kreften. Som regel blir strålebehandlinga gitt fem dagar i veka, i ein til sju veker. Strålebehandling brukast både kurativt, supplerande (adjuvant) eller palliativt, altså for å kurere, redusere tilbakefall eller som lindrande behandling.
Avdelinga har seks strålebehandlingsmaskiner, alle kan gje behandling med foton, i tillegg er det nokre av dei som kan nyttast til elektronbehandling. Fotonbehandling kan gjevast som 6, 10 eller 15 MV røntgenstråling. Energien vurderast prinsipielt ut i frå kor djupt inn i kroppen målvolumet er. 6 MV er best mot overfladiske tumorar, medan stråling med 15 MV rekker lenger inn i kroppen. Sidan 15 MV produserer, med nye behandlingsteknikar, meir uønska nøytronstråling, føretrekker ein stråling med 6 MV energi til dei fleste behandlingar. Elektronbehandling er strålebehandling med elektron som har blitt akselerert til ein hastigheit tilsvarande 99,63 – 99,94% av lyshastigheita, respektivt ein energi på 6 – 15 MeV. Dette kan nyttast dersom behandlingsområdet er nærme hud-overflata, då elektronstråling gjev dose allereie ved overflaten, medan fotonstråling er hud-skånande. Samtidig rekker ikkje elektronstråling særleg langt inn i kroppen. Dette er ein fordel for å minimere stråledose til friskt vev, samtidig vil ein i dei fleste tilfelle ikkje kunne nytte seg at denne typen strålebehandling, då behandlingsområde ofte ligg djupare i kroppen.
Ved elektronbehandling bruker dei «blokking», kort sagt ein støypeform som brukast under behandling for å redusere skade på det friske vevet rundt målvolumet. Dei brukte også blokking ved fotonbehandling tidelegare. Det som nyttast no er ein fleirblad-kollimator, MLC. Forenkla sett er dette fleire blader som kan bevege seg uavhengig, slik at målvolumet får korrekt dose og dose til risiko organ blir redusert. MLC kan brukast både for statiske og dynamiske felt.
Ofte nyttast eit system kalla AlignRT. Dette blir brukt for å posisjonere pasienten for å gje den bestemte dosen på riktig område. AlignRT systemet har tre kamera, eit i taket framfor pasienten og eit på kvar side. Ut i frå den LIVE digitaliseringa av pasienten kan ein enkelt samanlikne nivåkurver av kroppsoverflata, som blir laga frå 3D CT-bilde, med posisjonen av pasienten både før og under behandlinga. Noko som gjer denne prosessen både raskare, meir presis og utan ytterlegare bruk av ioniserande stråling. Ved nokre av behandlingsmaskinene er dette systemet i tillegg kopla direkte til dosegivinga, noko som gjer at dersom pasienten beveger seg meir enn marginane tillét, stoppast strålinga automatisk. Eg og Andrea såg særleg kor nyttig dette var når vi fekk observere strålebehandling av bryst-pasientar. Dersom målvolumet er venstrebryst, brukast ofte ein teknikk som heiter pustestyrt strålebehandling. Då trekk pasienten inn luft, for så å holde pusten i 20-30 sekunder om gongen, medan strålinga pågår. Dette er for å minimere dosen lungene og hjarte får.
Vidare i praksisperioden skal vi få sjå meir av kva avdelinga gjer og jobbe med prosjekt, så det blir veldig spennande!
– Alise