Praksis på Laboratoriebygget (PrecOS) – del 2

Hei, det er Stine igjen! Som eg nemnde i førre blogginnlegg er eg saman med medeleven min, Vilde, hos PrecOS lab på laboratoriebygget på Haukeland. Sidan sist har vi fått tildelt nye arbeidsoppgåver og deltatt på nokre kjekke praktiske aktivitetar.

Dei siste vekene har vi jobba med eit delmål om å utforske nye analysemoglegheiter i IMARIS. Førre gang forklarte eg at vi studerte kor djupt kreftcellene veks i den ekstracellulære matriksen ved å bruke analyseverktøyet IMARIS. No har vi hatt fokus på den ekstracellulære matriksen ved å sjå på kor bølgete/rette kollagenfibrane er. I IMARIS har vi klart å lage filamenta som følger kollagenfibrane, slik at vi kan sjå på forholdet mellom den kortaste avstanden frå starten av filamenta til enden og den eigentlege lengda til fibrane. Undervegs i denne prosessen har vi laga ein protokoll kor vi har beskrive korleis vi laga filamenta i IMARIS.

No held vi på med å eksportere statistikk om fiberlengde, kortaste avstand og forholdet mellom dei til eit Excel dokument. Framover skal vi teste ut softwaren Graphpad for å utføre statistiske analyser med statistikken som blir overført til Excel. Nokre statistiske metodar som kan brukast i Graphpad er grafisk framstilling av datapunkt og t-testing.

Innimellom arbeidet med IMARIS har vi observert mens rettleiaren vår har gjort arbeid på labben, og vi har fått deltatt på noko laboratoriearbeid. Ein dag fekk vi ansvar for å decellularisere nokre vevsprøvar, som vil seie at vi hjelpte til med å fjerne celler frå vevet. Dette er ein del av prosessen i å lage ekstracellulær matriks. Det var ei kjekk erfaring å få jobbe sjølvstendig på labben, og vi har blant anna blitt kjend med elektronisk pipettefyller.

No er vi snart ferdig med praksisen, og eg synes det har vært ein spanande og lærerik periode. Eg liker at vi har fått moglegheit til å utforske nye metodar i IMARIS, og blant anna finne ut korleis vi kunne finne kortaste avstand til filamenta vi laga. Elles ser eg på det som nyttig at vi har blitt så godt kjend med analyseverktøyet IMARIS, da det kan bli relevant for f. eks arbeid i framtida. I tillegg har vi tileigna oss gode erfaringar som å være med på laboratoriearbeid og å lage protokoll.

Eg ser fram til dei siste praksisdagane vi har igjen på Laboratoriebygget!